Helhus: Typisk Norsk?

Kven er eigentleg Hans Olav Lahlum? Eller Trude Drevland? Sentrale skikkelsar i norsk offentlegheit? Kanskje det. Opinionsleiarar i henholdsvis sjakk og bergensk fiffeliv? Kanskje det. Men primært er dei nordmenn. Slik som Trine Skei Grande, som Faten Mahdi Al-Hussaini, som Hadia Tajik, som Fredrik Skavlan, som Sylvi Listhaug.
Som Ganezha og Rossmann som mellom andre er eksklusivt hyra inn for å lage liv i Teglverket laurdag 17. mars.

Studentteateret Immaturus er stolte over å få presentere ei heilaftan i norsk ånd. Med skråblikk på det norske, norske verdiar inviterer me, med fare for å parafrasere kongen; engasjert ungdom, livserfarne gamle, enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar. Me inviterer jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre. Me inviterer dei som trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting, me inviterer dei som likar Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes. Med andre ord inviterer me alle til eit heilhus ispedd flagg, påskefjell, Harald, Askeladden, pølser, russefest og syden (for å nemne noko).

Program:
21:30 Stjernesalen: Påskequiz
22:00 Storelogen: Bergen Improbattle
22:30 Speilsalen: Musikkteater med “Beat for Beat”
24:00 Tivoli: Drops
23:00 Teglverket: Ganezha
24:00 Teglverket: Rossman (Rossman // Teglverket)

28238889_1825374124153038_8707508511516126886_o

Leave a Reply